Furu2

Nine Sisters Ocean Gin

Å destillere gin er kunst og vitenskap. Det krever erfaring, kunnskap og kreativ guts. Og en finstemt nese med nysgjerrighet til å utforske, smake og teste. 

Kjøp
Quote Love

Smakene i Nine Sisters Ocean Gin er utviklet av vår gin-destillatør og anerkjente bartender, Therese. Karakteren i vår gin er foredlet av destillatørens iherdige utforsking og begjærlige krav til høy kvalitet. Og av stolt drivkraft for at vi alltid skal drive økologisk!

Gin Green
Nine Sisters Ocean Gin — lansert i Norge i september
Tess Tall

Våre smakar

Det er denne smaken vi har leita oss fram til, vår smak. Den finstemte kombinasjonen av krydder, planter og urter. Av Fedjes hav, vekstar og ville landskap – foredla i våre blanke dråpar. Det er jakten på eit korn, eit blad, eit strå eller det bæret som gjev personlegheit og karakter i perfekt komposisjon, og som helst får kresne gin-ganer til å smile av lukke.

Eller, som ein dyktig bartender frå Bare Vestland i Bergen sa det; "Ginen er feminin. Mjuk, men sterk". Den mjuke sødma skal lakrisrota få æra for. Vår gin er mjuk og lett å drikke rein og bar. Notar av gras og det grøne touch'et er ei helsing frå geitramsen utanfor Feddie Mek. Sitrusnotane kjem frå øyas granskudd, dei er så syrlege, grøne og saftige. Toppnoten er rosepepar. Desse rosa små pepperkorna gjev eit lett sting av floralt preg – men berre heilt diskret.

Sjå, der fann vi smaken! Etter tallause timar med perfeksjonering av vår eigen oppskrift. Den er hemmeleg, men Nine Sisters Ocean Gin er alltid open.

  • “En intens og konsentrert gin med god kryddervarme som fortjener en god tonic.”
    Aperitif.no
    Anmeldelse av Nine Sisters Ocean Gin
Bartender

Nine Sisters G&T

Klassikeren, slik du lagar den best med vår gin!


  • Is, is, is og is! Det er den viktigaste ingrediensen. Fyll glaset heilt til topps!
  • Hell over 4 cl gin (smakar betre med 6 cl, men diverre ikkje lov)
  • Hell over tonicvatn. Nytt eit lett tonicvatn, Fever-Tree passar best, men Schweppes funkar og.
  • Ha i 5-6 rosepeparkorn
  • Ha i 3-4 turka einebær
  • Rør ein gong, forsiktig
  • Skjær ein del av skalet til sitronen og sprut olja oppå før du legg det oppi drikka

Helsing frå Therese
Gin-destillatør på Feddie Distillery

Flere drinker? Sjekk våre beste tips og oppskrifter her!