
Mi drinkeside
Superdigge drinkar er viktig og du kan få veldig gode resultat heima hjå deg sjølv!
Få det beste ut av dei edle dropane
Eg ynskjer at kvar gong du vel Nine Sisters Gin kjenner du deg trygg på korleis å få det aller beste ut av dei edle dropane. Eg kjem til å gje mine beste tips og triks her.
Etter 16 år i service til folket frå bak ein bar tenkjer eg at eg kan ytre orda «trust me, I'm a bartender».
Følg med framover!
Her kjem det mange gode cocktails du kan servere deg sjølv og gjestane dine. Og fleire cocktails kjem – med gode historiar frå opphav og folka bak dei. Desse delar eg med deg, om du òg kjenner for å fortelje røvarhistoriar på kjøkkenet.
Therese Østervold Storebø
Gin-destillatør og bartender

Dette treng du
Det er ikkje naudsynt å ha mykje fancy utstyr for å få gode resultat! Har du eit vanleg utstyrt kjøkken er du klar til å blanda. Cocktail-utstyret investerer du i om det passar deg, det er ikkje eit must for å lage magi i heimen.
Her er ei liste med dingsar som gjer at du meistrar miksinga:
- Cocktail-shaker eller eit syltetøyglas med lokk
- Barskei eller teskei
- Hawthorne-strainer, det er ei cocktail-sil
- Muddler, for å skvisa det som skvisast skal
- Mortar, til knusing av urter og krydder
- Sitruspresse, her kan du og nytta ei skei
- God is, eg sjølv nyttar muffinsformer i silikon frå IKEA
- Målebeger (i centiliter), eggeglas eller anna måleeining som fungerar for deg
- Sukkerlake – 60 % sukker, 40 % vatn

Miksetips
Når me blandar drinkar er det lurt å hella oppi dei billigaste ingrediensane fyrst. Det kan gå i krøll for den beste av oss og då er det greitt at ein ikkje har sløsa vekk verdifulle dråpar.

Cocktails med Nine Sisters Ocean Gin
Her kjem nokre drammar som du enkelt kan få suksess med heima på kjøkkenet. Det er berre å svinga seg rundt og heisann, hoppsann, falleralleraaaa blanda seg ein tår og vera glaaaa.
I tillegg til utstyret over, trenger du sukkerlake av 60% sukker og 40% vatn og store, fine isbiter.











French 75
Frisk, freidig og feirande
Om drinken
Mine drinkfavorittar

Jegersyster
For ei fantastisk oppdaging, me kallar den «Jegersyster»!
Om drinken
Slik gjer du:
Ta eit highball/collins glas og fyll det til randen med is.
Hell oppi:
2 cl Nine Sisters Ocean Gin
2 cl Jegermeister
2 cl søt vermouth
Topp denne opp med Fever Tree Eldeflower og garnish med ein lett appelsin zest.
Anbefala denne i solveggen i påsken! Leskande og forførande!

Kyoto
Pasjon, gin og mynte
Om drinken
Pasjon, gin og mynte
Finn fram eit highball glas og gjer deg klar for litt magi!
Ta 5-8 mynteblad og legg dei i handflata, klapp dei eit par gongar medan du nyt lukta, slepp dei så oppi glaset.
Hell oppi 3 cl sitron juice
1-2 cl sukkerlake
Kjøt og frø av ½ pasjonsfrukt
4 cl Nine Sisters Ocean Gin
Fyll opp glaset med mykje is og rør innhaldet saman, ha oppi meir is opp naudsynt.
Topp opp glaset med sodavatn og pynt med ein mynte kvast og sitron.
Denne cocktailen egnar seg på seine sommars kveldar i godt lag og/eller til søt dessert.

Salty Dog
Ein cocktail leia til ein annan
Om drinken
Bitter, leskande og salt!
Ta ei stor skive med grapefrukt og dra den over sida på eit highball glas så den vert dekka med juice. Rull den våte sida i flak salt og dekk overflata. Eit tips er å laga ei tjukk rand på halve glaset, då kan du velja slurkane dine med og utan salt som du ynskjer. Pass på at det ikkje kjem salt oppi drinken, unngå difor å ha salt øvst på kanten.
Fyll highball glaset med is, heilt til topps!
Hell over 4 cl Nine Sisters Ocean Gin
Fyll opp med fersk grapefruitjuice
Om du ynskjer litt pynt kler denne ei tynnskoren grapefruktskive, men det er ikkje naudsynt.
Denne cocktailen er heilt perfekt for lange, varme sommardagar!

Clover club
Ein rosa mannedrink
Om drinken
Rosa, fluffy i eit martini-glas
For ein cocktail treng du å måla opp:
3 cl sukkerlake
2 cl kikertevatn eller eggekvite
4 cl ferskpressa sitronjuice
3-4 bringebær (bruk gjerne frosne bær om vinteren då dei har meir smak)
5 cl Nine Sisters Ocean gin
Hell oppi alle ingrediensane og ryst dei saman utan is. Put your back into it! Dette kallar me ein “dry shake”.
Når du ser at det skummar har du oppi isen og rystar den med rytmisk kjærleik. Pass på å ikkje rysta den for hardt og for lenge om du har våt is (dei aller fleste har dårleg is heime), då vert den for utvatna, det smakar ikkje digg.
Hell drinken over i eit nedkjølt martini-glas (rett frå frysaren passar fint), det er og ok å ha denne i eit sånt vanleg glas med is oppi. Pynt med eit mynteblad og/eller med bringebær.
Når skal du dra denne fram? Den passar perfekt saman med sjokolade og vanilje og vert eit godt lag saman med dessert.

Southside
Ein sånn der gangster drænk
Om drinken
Syrlig, fresh med grøn smak
For å få miksa denne kriminelt gode cocktailen må du blanda fyljande:
3 cl sukkerlake
4 cl ferskpressa lime-juice
4-5 mynteblad. Gje dei ein dask i håndflata og slepp dei oppi
5 cl Nine Sisters Ocean Gin
Bland alt saman og ryst med maskingeværtakt. Hell det over i eit avkjølt cocktail-glas, du kan og hella da på is i vanleg glas.
Pynt med mynte blad og litt lime.
Ein twist som passar til fisk; byt mynte ut med bladpersille. Denne skvisast godt i boten av mikse glaset.

Negroni Spumante
Ein greve med sans for cowboy-livet type drink
Om drinken
Bitter, sterk, søt og tørr
For å ta del i dette smakseventyret må gu gjera fyljande:
Ta eit glas og fyll det til randen med flott is, og hell oppi:
2 cl Nine Sisters Ocean Gin
2 cl søt vermouth
2 cl Campari
Topp den opp med ein tørr/ekstra tørr spumante
Rør lett frå botn til toppen med ei skei i ei vending, og ha oppi ei skive med appelsin.

Gibson Martini
Cocktailen du nyt medan du ser The Queen's Gambit
Om drinken
Sterk, men soft – kald umami
Slik gjer du det:
Ha martiniglasa i frysaren, der kan dei ligga i 10-15 min.
Tre 4 sylta sølvlauk på ein pinne, tannpirkar kan funka
Fyll eit stort glas med is og rør lett og forsiktig i den om lag 10 rundar. Hell av vatnet.
Hell over 0,5 cl tørr vermouth
½ barskei sukkerlake
5 cl Nine Sisters Ocean Gin
Rør lett, pass på at den ikkje vert for utvatna.
Hell over i dei kalde martini-glasa, legg oppi sølvlauken. Ta ein bit av lauken for kvar slurk av martinien og du ser at det finst ekte magi i denne verda.

Red Snapper
Den som fiksar dagen derpå
Om drinken
Fyldig, spicy – måltid i eit glas
Slik gjer du:
Du treng eit solid glas med god storleik på, fyll det med is, og hell over:
0,5 cl fersk pressa sitron-juice
1 cl cl appelsin-juice
1 cl raudvin
5-8 dash med Worstersershiresausensomikkjekanuttalastrett (Worchestersaus)
To runder med pepperkverna
Ei runde med saltkverna (om du har sellerisalt blir det ekstra godt)
Tabasco i den mengden ganen din syns er behageleg
5 cl Nine Sisters Ocean Gin
Hell opp resten av glaset med tomat juice og rør alle ingrediensane saman. Dette er som å lage ei suppe, smak og juster med det du kjenn for at blandinga treng. Selleristang kan nyttast og erstattast med agurk eller kva som helst anna grønnsak du vil tygga på denne dagen.

Gin Rickey
Den som er fresh når buksa er blitt litt stram
Om drinken
Syrleg, utan sukker og digg
Slik gjer du:
Fyll glaset til topps med is, mykje, mykje is!
Hell over 2-3 cl ferskpressa lime juice.
4-5 cl Nine Sisters Ocean Gin
Topp den opp med soda vatn
Rør i ei vending frå botn til topp
Skvis lime skal over og putt det oppi
Skål for gode drinkar og godt selskap!